Rasmus Ingebriktsen Myklebost|Store-Rasmus


< Rasmus Rasmusen Myklebost
birt: 1616
deat: 1698
marr: 1644

 
 Rasmus Ingebriktsen Myklebost|Store-Rasmus  
birt: 1588
deat: 1666

Map | List of Individuals | List of Surnames

Created by GEDBrowser

Notes:

Store-Rasmus heitte Rasmus Ingebrigtsen Myklebost, og budde på Myklebost på Fjørtoft. I "Haram bygdebok" av M. Rogne har han fått eit heilt kapittel via til seg. Rogne opphøgjer han til ein folkehelt og motstandsleiar mot det utanlandske herredømet og futane sitt vanstyre i Noreg. Det som verkar klart er at Rasmus over lengre tid hadde ein feide gåande med fleire futar og høgare embetsmenn på Sunnmøre og i Bergen, frå 1630-talet og utover. Om han sette seg mot futane på eigne vegne, eller som representant for bøndene på Sunnmøre verkar litt uklart. Men han var innblanda i fleire rettssaker, og reiste tre gonger til København der han fekk leggja fram saka si for kongen. Til desse Københavnsreisene har han kravd inn "skatt" frå andre bønder på Sunnmøre. På siste Københavnsreisa fekk han lovnad om å møta kongen igjen på herredagen i Kristiania. Han reiste til Kristiania, men kongen hadde ombestemt seg og var igjen i Danmark. I staden nytta fiendane hans i embetsverket høve og fekk han arrestert. Dette var ein gong rundt 1660. Han vart ført til Bergenhus der han sannsynlegvis sat innesperra til han døydde.
Store-Rasmus blir også omtalt i Oddgeir Bruraset si bok "Sunnmøre og sunnmøringen" (Det Norske Samlaget 1999): "Rasmus Engebrigtson frå Myklebust på Harøy gjorde i første delen av 1600-talet tre sjøreiser til konten i København for å klage på det stendig hardare skattetrykket som korrupte futar la på folket, og som førte til at mange gjekk frå gard og grunn. På den fjerde reisa, då vona var å møte kongen på ein herredag i Kristiania, vart Rasmus pågripen av kongens menn, kasta i fengsel og dømd til døden for oppvigleri. Seinare vart dommen omgjord til livsvarig tukthus, og det var ikkje så mykje betre. Men før Rasmus doydde, på cella si på Akershus festning i 1666, fekk han vonleg vite at kampen han hadde kjempa var i ferd med å føre fram. Skatteåket letna. Han hadde ikkje stridd ein fåfengd strid."